Emneevaluering - Canvas Quiz modul
Denne instruksen syner korleis du brukar Canvas sin Quiz modul til å evaluere eit emne.
Høgskulen sin standard mal for evaluering er del i Canvas Commons, faglærar kan dermed importere den for så å tilpasse undersøkelsen til sitt emne.
1.Finne evalueringa
-
Gå til Canvas Commons og bruk filter oppe til høgre til å berre sjå ressursar som høyrer til Høgskulen i Volda. Du kan også klikke på denne lenkja som tek deg direkte dit.
- Du kan no klikke på anten engelsk eller norsk emneevaluering
2.Importere til ditt kurs
- Når du har opna infosida som evalueringa, på Commons, vil du oppe til høgre kunne importere den til ditt kurs. Set kryss ved kurset du vil legge evalueringa inn i, og trykk importer:
I dette tilfellet er "Sandkasse_tof" valgt, men du skal sjølvsagt velge ditt faktiske emne.
- Etter at du har valgt "Import" kan du gå inn i emnet ditt og velg "Testar" ("Prøver" / "Quizzes") frå kursmenyen. Du vil der finne evalueringa, som du så kan redigere, før du aktiverer den og deler den med studentane.
Du bør tilpasse framsida og du bør vurdere om alle spørsmål er relevante for ditt kurs, samt om det kan vere at du vil legge til spørsmål.
For meir informasjon om korleis du redigerer slike testar som dette, så meir info i Canvas Guides.
3.Del med studentane dine
Når du skal informere studentane dine kan du bruke ein, eller kanskje fleire, metodar for å få dei til å svare.
- Du kan legge evalueringa inn i ein modul, du legg til modulelement Quiz akkurat som alle andre typar element.
- Du kan sende ut ei kunngjering, der du fortel om kvifor evaluering er viktig, korleis resultata vert brukt og hugs også å lage ei lenkje til evalueringa direkte i kunngjeringa, så er det lett for studentane å svare.
- Du kan også sende meldingar via Canvas sitt meldingssystem.
Uansett om du gjer ein eller fleire av desse tiltaka, vil studentane få varsling via e-post og/eller i app.
4. Finn og analyser resultat
Når du skal sjå resultatet, så gir Canvas deg ei viss oversikt ved å sjå på "Survey statistics":
Survey Statistics vil gi deg eit oversyn, men til dømes fritekst-svar må du hente ut ved å eksportere data.
Sjå på neste side, for meir informasjon om korleis du får data pent og vakkert inn i Excel.