NN: I praksis

1 BLUBV Oppgåver i praksis

For at studenten skal få eit så stort læringsutbytte som råd, må studenten også løyse andre oppgåver i tillegg til arbeidskrava i praksis. Liste over desse oppgåvene, i tillegg til oppgåver vi forventar utført av praksislærar, finn du her. 

 

Studenten sine oppgåver

Praksisbarnehagen sine oppgåver

Praksisbolk 1

Delta i ein samtale med styrar der du får informasjon om beredskapsplan, teieplikt, organisasjonsform, profil/visjon, pedagogisk grunnsyn og andre tilhøve i barnehagen som er viktig for deg å ha kjennskap til.

Gjennomfør ein introduksjonssamtale med studentane. Gi informasjon om det du meiner er viktig at studentane kjenner til, dette kan vere om beredskapsplan, teieplikt, organisasjonsform, profil og vikarbruk med meir.

 

Gjer deg kjend med barnehagen sin struktur (dvs. arbeidsdeling, rutinar og reglar).

Støtt studentane i å bli kjende med barnehagen sin struktur (dvs. arbeidsdeling, rutinar og reglar) og med barn, personale og føresette.

 

Gjer minimum 15 skriftlege observasjonar. Bruk ulike observasjonsmetodar.

Gi studentane innsikt i arbeidsmåtane for observasjons- og planleggingsarbeid som vert brukt i barnehagen. 

 

Saman med praksislærar skal du velge tema for fagmøte i praksis, og skrive ei praksisforteljing knytt til tema. Del rettleiingsgrunnlag til fagmøte i praksis i MOSO. Du skal førebu deg til å delta i ein fagleg samtale.

Delta aktivt i fagmøte.

Sjå meir om fagmøte, og rettleiingsgrunnlag til fagmøte, i eigen modul.

Saman med kvar student, vel eit tema til drøfting på fagmøte i praksis. Sjå til at studentane deler rettleiingsgrunnlag med tema og ei grunngjeving, i tillegg til praksisforteljinga, i MOSO. Vær aktiv i fagmøte.

Sjå meir om fagmøte, og rettleiingsgrunnlag til fagmøte, i eigen modul.

Rettlei studenten om innhaldet i den didaktiske relasjonsmodellen. Du og studenten skal sikre dykk at studenten har forstått innhaldet i dei didaktiske kategoriane: rammefaktorar, barns føresetnadar, innhald og arbeidsmåtar. Om de har tid kan de gjerne arbeide vidare i modellen.

Praksisbolk 1 og 2

Gjennomfør forventningssamtale (ein del av rettleiingstimen) saman med praksislærar i løpet av første praksisveke. Diskuter innhald, forventingar og krav i praksis. Skriv referat frå samtalen. 

Del presentasjonen om deg sjølv som du skreiv før praksis. 

Gjennomfør forventningssamtale (ein del av rettleiingstida) i løpet av første praksisveke. Drøft innhald, forventingar og krav i praksis.

Før kort logg.

Sjå gjennom studenten sin logg. 

 

Skriv rettleiingsgrunnlag før kvar rettleiingstime. Del med praksislærar. Ver aktiv i rettleiingstimane (1,5 timar pr. student pr. veke) og skriv referat.

Gi studenten individuell rettleiing i 1,5 time pr. veke. Gi rettleiing i å skrive rettleiingsgrunnlag. Ta medansvar for at rettleiingstida vert nytta på ein god måte. Ta også initiativ til rettleiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.

Lag dokumentasjon på kva tema som er tatt opp i rettleiing.

 

I rettleiing og elles, reflekter over yrkesutøvinga saman med praksislærar. Ta utgangspunkt i erfaringar frå praksis og læringsutbyttebeskrivingane i BLUPRA1.

I rettleiing, og elles, reflekter over yrkesutøvinga og rolla som pedagogisk leiar saman med studenten. Ta utgangspunkt i erfaringar frå praksis og læringsutbyttebeskrivingane. Du og studenten skal sikre at hen kjenner til ansvarsområde og arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar. Dette gjelder også arbeid som vert gjort utanfor tida saman med barnegruppa. Om mogeleg bør studentane få følgje deg i tida som er nytta til for- og etterarbeid minst ein dag.

 

Skap og delta aktivt i gode og omsorgsfulle relasjonar med barna.

 

Delta aktivt i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vis initiativ og engasjement i arbeidet med barn og personale. Vis initiativ til å ta kontakt med føresette.

Gjer personalet kjend med praksisoppgåvene til studentane.

 

Delta i møte der praksislærar deltek.

Inkluder studentane i møte der du deltek.

 

Gjennomfør arbeidskrava (sjå modul med arbeidskrava).

Gi studentane innsikt i barnehagens og din arbeidsmåte i observasjons- og planarbeid.

Rettlei studenten om innhaldet i den didaktiske relasjonsmodellen. Du og studenten skal sikre dykk at studenten har forstått innhaldet i dei didaktiske kategoriane rammefaktorar, barns føresetnader, innhald og arbeidsmåtar. Dersom studenten er moden for det bør de også arbeide med dei andre didaktiske kategoriane.

Rettlei og støtt studentane i arbeidet med gjennomføring av arbeidskrav, og med å finne relevante situasjonar og tid til dette. Gi framovermelding. Ta høgde for at studenten har rett til to forsøk på arbeidskrav. Du skal vere til stade ved gjennomføring av arbeidskrava.

Vær støttande for studentane i prosessen med å gjere personalet kjend med praksisoppgåvene. Gi studentene tid på et avdelings-/basemøte til dette.

 

Alt skriftleg arbeid skal lagrast i MOSO, og delast med praksislærar.

Gå gjennom studenten sitt arbeid i MOSO, gi tilbakemelding på innhaldet.

 

Skriv eigenvurdering i vurderingsskjema i MOSO, før vurderingssamtale.

 

Gjennomfør midtvegsvurdering og sluttvurdering med praksislærar siste veka i praksisbolken. Vurderingssamtalen skal ta utgangspunkt i vurderingsskjema i MOSO.  Praksislærar og student skal signere skjema digitalt.

Vurder arbeidskrava som godkjent/ikkje godkjent. Legg til rette for eit eventuelt andre forsøk på arbeidskrava. 

Dersom du er usikker på studenten si praksisgjennomføring, ta kontakt med praksiskoordinator. Studenten skal tidleg ha munnleg og skriftleg melding om dette. Sjå eigne retningslinjer.

Fyll ut  vurderingsskjema i MOSO før vurderingssamtalen.

Gjennomfør midtvegsvurdering og sluttvurdering med studentane siste veka i praksisbolken. Vurderingssamtalen skal ta utgangspunkt i vurderingsskjema i MOSO.  Praksislærar og student skal signere skjemaa digitalt med elektronisk ID .

 

Førebu deg til og delta i ein samtale med styrar der du gir ei tilbakemelding om korleis du har opplevd å vere i denne barnehagen.

Omgrepsavklaringar

Logg

 

 Dette er studentens dokument der han/ho dokumenterer dei ulike dagene i praksis. Kva aktivitetar har hen vore med på, og refleksjonar rundt ulike hendelsar i praksis. Kva vil studenten ta med seg vidare i praksisperioden?  Det er ingen formkrav til logg, og dermed heller ikkje krav til lengde. Logg kan gjerne vere utgangspunkt for ein rettleiingssamtale, og blir då lagt som vedlegg til rettleiingsgrunnlaget. 

Rettleiingsgrunnlag

Eit rettleiingsgrunnlag er eit skriftleg notat som beskriv kva vegsøkjar ønsker å få rettleiing på. Studenten skal alltid, og i god tid, dele rettleiingsgrunnlag med praksislærar før ein rettleiingstime. Studenten kan skrive kva han kjenner vil bli utfordrande for gjennomføring av arbeidskrav, i tillegg til generelle spørsmål om arbeidet i barnehagen eller i rolla som barnehagelærar. Studenten prøver å formulere seg så konkret som råd og tek med eigne tankar rundt spørsmålet. Studenten må dele refleksjonar omkring vala sine, fagleg og pedagogisk. Det er ofte nødvendig at studenten også viser til det skriftlege arbeidet sitt (til dømes planar, logg og observasjonar), og legg desse ved rettleiingsgrunnlaget.

Rettleiing

«Veiledning er å forstå som en læringsprosess mellom to eller flere personer for å skape mening, ny forståelse og mulige handlingsalternativ i profesjonelle sammenhenger» (Bjerkholt, 2017, Ødegård, Nordahl og Røys, 2017, og Ulleberg og Jensen 2020). 

I rettleiing er det føremålstenleg å rette merksemda mot det konstruktive og på det å finne gode løysingar, slik at studenten kan kome vidare i utviklingsprosessen og bli tryggare i sin profesjonelle identitet. 

Praksisrettleiing er ei yrkesfagleg rettleiing med ein student eller ei studentgruppe og den tek opp: 

  • Forhold mellom teori og praksis 
  • Utviklinga av profesjonell identitet 
  • Utvikling av studenten sin praksisteori 

Rettleiing av studentar i praksis må også knytast til læringsutbyttebeskrivingar i emneplanane. Spørsmålet om kva studenten skal lære i praksis er dermed viktig i rettleiinga, og for gjennomføring av læringssituasjonar i praksis. Læringsutbyttebeskrivingane representerer ei slags målformulering for rettleiinga. Studenten kan i rettleiinga beskrive læresituasjonar dei har vore i, og reflektere kring desse med utgangspunkt i læringsutbyttebeskrivingane (Tveiten, 2019). 

Rettleiinga skal ha ei samtaleform og vere prega av medviten refleksjon over eigne og andre sine handlingar i praksisfeltet.

Før-, under- og etterrettleiing

Før gjennomføring

  • Diskutere dei didaktiske planane, dei ulike didaktiske kategoriane og samanhengen mellom dei.
  • Avklare kven som skal gjere kva både før, under og etter gjennomføring.
  • Gi studenten høve til å be om rettleiing på spesielle sider ved praksisutøvinga, t.d. leiing av barnegruppe og personalgruppe, bruk av stemme og kroppsspråk, o.a.
  • Praksislærar støtter studenten i å finne eigne mål for leiardagen.

Under gjennomføring

  • Praksislærar kan ha med studentane sine skriftlege planar for aktiviteten.
  • Praksislærar observerer og noterer undervegs eller rett etter gjennomføringa. Hugs at observasjonar kan gjere rettleiinga meir konkret og konstruktiv. Observasjonane til praksislærar kan også gi grunnlag for vurdering av studenten sitt arbeid og nyttast til å dokumentere generell progresjon i praksisperioden.
  • Gi respons til studenten så raskt som råd, munnleg eller skriftleg.

Etterrettleiing 

Etterrettleiing er rettleiing etter gjennomført arbeidskrav. Student og praksislærar tek utgangspunkt i studenten sine planar, observasjonar, og gjennomføring av arbeidskrav. Studenten skal reflektere rundt opplevingane og erfaringane sine, og evaluere eiga rolle og gjennomføring.

Etterrettleiing handlar om refleksjon over handling i ettertid (Mørreaunet, 2014, s. 151) og kan gjennomførast som eit dialogseminar. Då tek etterrettleiing utgangspunkt i opplevingar, handling og forståing av desse og skjer på grunnlag av dokumenterte observasjonar. I individuell og felles refleksjon kan student og praksislærar identifisere det som kan sjåast som god eller problematisk praksis og saman bygge justert forståing og praksis (Nissen, Kvistad, Pareliussen & Schei, 2015, s. 150).

Praksislærar si rolle

I følgje Nasjonale retningslinjer for barnehagelærerutdanningen skal praksislærar ha minimum 30 studiepoeng vidareutdanning i rettleiing.

Rettleiarkompetanse inneber blant anna kunnskap om læringsteoretiske fundament for rettleiing, og om ferdigheiter i metodar og kommunikasjon. Rettleiar må også vere bevisst rettleiinga sitt etiske grunnlag og eige ansvar for dette (Tveiten, 2019).

Praksislærar skal ha eit bevist og reflektert forhold til si rolle som rettleiar, og dei relasjonane han inngår med vegsøkar. Han skal og legge til rette for at rettleiinga blir ein arena for utforsking og utøving av profesjonelt skjønn.

Rettleiar sin funksjon er også å legge til rette for at hensikta med rettleiinga blir oppnådd, slik at rettleiinga blir god.

Nokre viktige sider ved rettleiar sin funksjon som er aktuelle både når rettleiinga er individuell og i gruppe:

  • Evne til å lytte
  • Evne til å stille gode spørsmål
  • Evne til dialog
  • Evne til relasjonsbygging
  • Evne til empati
  • Evne til anerkjenning
  • Evne til å være en rollemodell
  • Evne til sentrering
  • Evne til å skille mellom sansing og tolking, og påpeike det åpenbare
  • Evne til å utfordre
  • Evne til å ivareta etiske aspekt i rettleiinga
  • Evne til å strukturere
  • Evne til å reflektere over eigen funksjon og kompetanse

(Tveiten, 2019)

Tilbakemelding og vurdering

I følgje forskrift for barnehagelærerutdanningen skal praksis vere rettleia og vurdert. Rettleiing og vurdering av studentar i praksis er eit felles ansvar for faglærar, praksislærar og barnehageleiar. Praksis skal bli vurdert til stått/ikkje stått med ei avsluttande vurdering for kvart studieår. Studenten har to forsøk i praksis. 

I barnehagelærarutdanninga nytter vi formativ vurderingsforståing med mål om å utvikle studenten sin kompetanse. Vi legg vekt på framovermeldingar i undervegs- og sluttvurderingar av studenten.  

Praksislærar skal gje studentane gode undervegsvurderingar. Kvar er studenten, kvar skal han og korleis best mogleg komme dit? Ei god undervegsvurdering vil hjelpe studenten til å lukke gapet mellom noverande og ønska prestasjonsnivå. Felles for konstruktive og gode undervegsvurderingar: 

  • Dei er retta mot noko mottakaren kan gjere noko med 
  • Dei er ikkje generelle, men handlar om noko konkret  
  • Dei er beskrivande 

Samtidig er det viktig å stoppe opp undervegs og sikre at studenten har fått med seg tilbakemeldingane slik dei er meint. Det er også viktig å få studenten med i vurderinga gjennom sjølvrefleksjon og eigenvurdering. Kva mål har studenten for praksis, kva vil studenten meistre, og i kva grad? Korleis arbeide for å nå målet, kva er studenten god i, og kva opplevast som vanskeleg? Dette må studenten kunne seie noko om, og praksislærar må la dette ligge til grunn for gode rettleiingssamtalar i praksisperioden. 

For å sikre progresjon i praksis og i vurderinga av studenten frå første til siste studieår, skal det bli tatt utgangspunkt i arbeidskrav i praksis og læringsutbyttebeskrivingane i emneplan for praksis når praksislærar rettleier og vurderer studenten. Oppsummeringa skal takast med vidare til neste praksisperiode for å sikre progresjon.  

Rutine for vurdering 

  • Vurderinga skal skje undervegs i praksis som utgangspunkt for læring og utvikling, og til slutt i praksis skal studenten få ei heilheitleg vurdering av praksis (stått/ikkje stått). 
  • Vurderinga skal leggjast fram munnleg for studenten, som skal få kopi av vurderingsskjemaet. Saman med praksislærar skriv studenten under på at informasjonen om vurderinga er gitt.  
  • For at praksislærar skal kunne sette karakteren stått i praksis må arbeidskrava vere godkjent, frammøte må vere fullstendig og løpande skikkavurdering må vere gjort.

Vurdering av arbeidskrav

Praksislærar vurderer arbeidskrava til godkjent/ikkje godkjent på skjema for vurdering og rettleiing. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav, får eitt nytt forsøk på arbeidskravet. Dette må skje snarast råd, det er difor viktig at gjennomføring av arbeidskrava blir lagt til eit tidspunkt som gjer det mogleg å gjennomføre eit andre forsøk. 

Samtale med styrar

Tidleg i praksis skal styrar samle studentane til ein samtale for å gi informasjon om det som er viktig å ha kjennskap til for å ha praksis i barnehagen. Dette kan til dømes vere om beredskapsplan, teieplikt, organisasjonsform, profil og vikarbruk.

Samtalen med styrar skal bidra til å trygge studentane, slik at dei vågar å gi konstruktive tilbakemeldingar til styrar og praksislærar i løpet av praksis. Styrar skal vise at han er ein støttespelar for studenten og ønsker at han skal bli godt ivaretatt i praksis. Styrar kan også dele sine forventingar til studenten, gi tilbakemeldingar til studenten sine forventingar til barnehagen, og stille spørsmål til studenten om kva han sjølv kan bidra med for å få eit godt læringsutbytte i praksis.

Midtvegs og til slutt i praksis, skal styrar ha ein individuell samtale med studentane der studenten gir ei tilbakemelding på korleis han har opplevd å vere i denne barnehagen. Det som kjem fram i samtalen bør styrar ta med vidare til personalgruppa, slik ein kan ta omsyn til tilbakemeldingane til neste gong det kjem studentar i praksis. Det er viktig å avklare med studenten kva som skal vidareformidlast til personalet. Punkt å ta opp kan vere:

  • Korleis opplevde du å bli tatt imot i barnehagen?
  • Korleis har du kjent deg inkludert på avdelinga/ i barnehagen? Kva har du sjølv gjort for å bli inkludert?
  • Korleis har du hatt det i praksis?
  • Korleis har du opplevd rettleiingssituasjonen? Har du i rettleiing tatt opp saker du har spørsmål om, og gitt konstruktive tilbakemeldingar til praksislærar?
  • Har du fått tilstrekkeleg rettleiing, og har du fått tid og rom til å utføre arbeidskrava?
  • Kva læringsutbytte har du hatt i praksis?
  • Midtvegs: Er det noko du skulle ønske vi kunne gjere annleis til neste praksisperiode? Kva bør vi halde fram med, endre på, og kva kan du bidra med for å få til dette?

Progresjon