NN: Før praksis
I tillegg til arbeidskrava i praksis skal studenten ta aktivt del i kvardagen i barnehagen, og danne relasjonar til barn, føresette og personalet. Det er forventa at studenten viser profesjonskompetanse og utfører fleire oppgåver før, under og etter praksis. Alt dette skal takast med i den heilheitlege vurderinga av studenten, som blir gjort digitalt i MOSO. Praksislærar skal, i tillegg til ei vurdering av arbeidskrava, gi ei vurdering av praksis generelt, studenten si forventa kompetanse og om studenten er skikka for yrket.
I tabellen under finn du oppgåver som det er forventa at student og praksislærar utfører før praksis. På dei neste sidene finn du oppgåver det er forventa blir utført i praksis, og etter praksis.
Sjå eigen modul for oppgåver for oppfølgingslærar og styrar.
Studenten sine oppgåver |
Praksisbarnehagen sine oppgåver |
Send gyldig politiattest til studieadministrasjonen. |
|
Signer teiepliktskjema i studentweb. |
|
Lag ein kort presentasjon av deg sjølv og innhaldet i praksis, del med praksislærar. |
Bruk studenten sin presentasjon som førebuing til at barnehagen tek imot studentar (gjerne som informasjon til barn, tilsette og føresette). |
Delta på generell praksisførebuing og på praksisførebuande møte (Zoom). |
Delta på praksisførebuande møte på Zoom saman med studenten. Del årsplan og eventuelle informasjonsskriv om barnehagen med studenten. Presenter deg sjølv og barnehagen for studenten din, og start samarbeidet i praksis. |
Gjer deg kjend med innhaldet i praksis, studieprogramplan, emneplanar og Rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver (Kunnskapsdepartementet, 2017). |
Gjer deg kjend med innhaldet i praksis, studieprogramplan, emneplanar og pensumlitteratur. |
Forbered deg til arbeidskrava i praksis. |
Lag plan for praksisperioden med tidspunkt for oppmøte, rettleingstimar og eventuelle kveldsmøte (minimum for dei 14 første dagane). Del planen med studenten seinast på praksisførebuande møte. |
Gjer deg kjent med MOSO. |
Opprett brukar i MOSO dersom du ikkje har det frå før. Du får tilsendt ein e-post med lenke til oppretting av brukar. |
Forbered deg til forventingssamtalen som skal gjennomførast ein av dei første dagane i praksis. Skriv ein kort presentasjon (om deg sjølv) til praksislærar: Kva er du god på og kva treng du hjelp til når du skal leie deg sjølv i praksis. Del teksten med praksislærar i forventningssamtalen første veka i praksis. |
Forbered deg til forventingssamtalen som skal gjennomførast ein av dei første dagane i praksis. |
Forbered deg til praksis gjennom å vere aktiv i undervisninga. |
Omgrepsavklaringar
Progresjon