NN: Arbeidskrav Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama

Småbarnspedagogikk med   vekt på musikk og drama Arbeidskrav 

Om fordjupinga

I praksis vert det lagt vekt på at studentane skal få erfaringar med og utvikle forståing for korleis ein kan bruke fagområda musikk og drama i pedagogisk arbeid med dei yngste barna, samt reflektere over korleis barnehagen har lagt til rette miljøet med utgangspunkt i dei yngste barna sine veremåtar og behov. Studenten skal gjere didaktiske refleksjonar knytt til planlegging, gjennomføring og vurdering av ein musikk- og dramaaktivitet.

Kontaktperson arbeidskrav

Hege Holmqvist Synnes

E-post: hege.holmqvist.synnes@hivolda.no

Tlf.: 700 75 448

Forventa kompetanse

  • Studenten meistrar å knyte teori frå fordjupinga til praksis.

 

ARBEIDSKRAV

Arbeidskrav

  1. Studenten skal ta utgangspunkt i erfaringane frå arbeidskrav i musikk og drama før praksis, og planlegge, leie og vurdere ein aktivitet som skal vere særskild tilpassa dei yngste barna. Aktiviteten skal innehalde element frå musikk og drama. Studenten skal nytte ein didaktisk modell i planlegginga. Praksislærar skal godkjenne planen og gjennomføringa.
  2. Gjennom observasjon og samtalar skal studenten skaffe seg innblikk i og reflektere over:
    1. Bruk av musikk og drama for og med dei yngste barna i barnehagen.
    2. Tilrettelegging av miljøet for dei yngste barna.

Vurderingskriterier

For å få godkjent arbeidskravet:

  • Bruker didaktisk kompetanse i planlegging.
  • Deler plan med praksislærar etter avtale.
  • Planen er kjendt for personalet.
  • Har oversikt over barnegrupa.
  • Skaper gode relasjonar til barnegruppa og enkeltbarn.
  • Har oversikt over personalet som hen skal leie.
  • Samarbeider og improviserar ved endringar.
  • Er ein god rollemodell for barn og tilsette.
  • Tilpassar aktiviteten særlig til dei yngste barna, og aktiviteten inneheld element frå musikk og drama.
  • Gjennom samtale og observasjon skaffar seg innbllikk i bruk av musikk og drama for dei yngste barna samt tilrettelegging av miljøet.