[Template] NN-Framside
Fordjupingar
Ved Høgskulen i Volda kan studentane velje mellom tre fordjupingsemne:
- Mangfald og meistring (BLUFMM)
- Barn, natur og friluftsliv (BLUFBNF)
- Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama (BLUFSPMD)
I tillegg får dei studentane som vel internasjonalt semester, i staden for fordjuping, ein tilrettelagt praksis med fokus på leiardagar.
Studentane skal gjennomføre 5 dagar rettleid og vurdert praksis dette semesteret. I lista over modular finn du arbeidskrava og oppgåver i praksis for alle fordjupingane.
Tidspunkt
Praksis, 5 dagar, skal studieåret 2024/2025 gjennomførast frå 11. november til 15. november (veke 46).
Praksisplassering
Studentane si fordjuping finn du i eiga kolonne i oversikt over praksisplassering. Den er sendt til barnehagane via e-post, og lagt ut til studentane i kullrommet i Canvas.
Studentane i 3 BLUBV skal også gjennomføre praksis i kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, 20 dagar, i same barnehage.
Kontakt
Hanne Elin Harnes
Rådgjevar og praksiskoordinator
harnesh@hivolda.no
700 75 439
Synnøve Riste, SR211
Elisabeth Welle
Teacher
elisabeth.welle@hivolda.no
700 74 450
Synnøve Riste, SR320