NN: Utviklingsarbeid
3BLUBV-D Arbeidskrav
Innleiing
Innhaldet i praksisbolken er leiing av endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen. Studenten i praksis skal få erfaringar om korleis leiarhandlingar basert på samarbeid kan styrke personalet si læring og utvikling, både individuelt og kollektivt. Erfaringane skal danne grunnlag for kritisk refleksjon og læring for både studentar og personalet i barnehagen.
Forventa kompetanse
- Studenten kan reflektere rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga.
- Studenten er sjølvstendig og viser ein tydleg profesjonell identitet.
- Studenten meistrar endringsleiing.
- Studenten viser at han meistrar kollegarettleiing.
- Studenten kan finne, vurdere, vise til og formidle relevant fagkunnskap munnleg og skriftleg.
- Kan formidle relevant fagstoff slik at det belyser ei problemstilling i utviklingsarbeidet.
- Studenten skal kunne reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med personalet, og balansen mellom å ta omsyn til eigne behov og være andreorientert.
(Studieprogramplan)
Arbeidskrav: Eit lite utviklingsarbeid
*Studenten har rett på to forsøk på alle arbeidskrav
Du som student skal saman med personalet (og medstudent) ta over leiing av ein mindre, konkret del av utviklingsarbeidet som barnehagen arbeider med.
Du som student skal samarbeide med personalet i alle fasar av utviklingsarbeidet og få erfare korleis leiarhandlingar og samarbeid kan styrke barnehagen som ein lærande organisasjon. Erfaringane skal danne grunnlag for kritisk refleksjon knytt til omgrepa leiing, samarbeid, endring og utvikling.
Didaktisk planlegging
Du som student skal lage ein utviklingsplan for heile delen som du tar over leiinga av. Studentar som samarbeider i praksis, lagar felles utviklingsplanBruk SØT-modellen (Kversøy & Hartvigsen, 2018).
For aktivitetar for å bli kjent med situasjonen no, ønska situasjon og tiltak (SØT), lagar studentane individuelle planar for eigen gjennomføring. Kvar student må planlegge minimum 3 aktivitetar, bruk f.eks. didaktisk relasjonsmodell (Gunnestad, 2019).
Rett til medverknad
I følgje rammeplanen (2017, s. 17) har barn og foreldre rett til medverknad i desse prosessane. Som ei forenkling for studenten, er dette ikkje eit krav frå HVO for dette arbeidskravet.
Tema for utviklingsarbeidet
Praksislærar har ansvar for å informere studentar (og Høgskulen) om tema for pågåande utviklingsarbeid og for å identifisere deler som studenten skal ha ansvar for i praksisperioden. Dette gjerast i eit nettskjema innan gitt tidsfrist, sjå modul «praksisbarnehagen sine oppgåver».
Didaktisk planlegging
Rammeplanen (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 37) seier at
«Planlegging skal synleggjere korleis barnehagen tolkar og realiserer rammeplanen og gi personalet grunnlag for å tenkje og handle langsiktig og systematisk i for enkeltbarn og baregruppa. … skal vere basert på observasjon, dokumentasjon, refleksjon, systematisk vurdering og samtalar med barn og foreldre.»
Student og praksislærar startar felles planlegging av utviklingsarbeidet på praksisførebuande møte:
Korleis kan de saman med personalet observere, dokumentere og reflektere over situasjonen no, bygge eit felles bilde av ønskesituasjon og kva kan gjerast for å dekke gapet mellom desse?
Studenten må møte førebudd med spørsmål om grunngjevingar for val av tema, kva som er gjort og lært i læringsarbeidet, f.eks. knytt til SØT-modellen og teorigrunnlag.
Gjennomføring
Når studenten har leiardag, kan hen også ha ansvar for gjennomføring av aktivitetar knytt til ein eller fleire av fasane i SØT-modellen. Studenten kan gjennomføre fleire aktivitetar også på dagar som ikkje tel som eigen obligatorisk leiardag.
Merk at studenten har ansvar for gjennomføringa, men når det er personalet som skal lære ny praksis, må det vere dei som faktisk prøver ut (gjennomfører) ny praksis.
Dokumentasjon
Studenten har ansvar for at gjennomførte aktivitetar blir dokumentert i samsvar med rammeplanen sine føringar:
«Dokumentasjon av personalet sitt arbeid synleggjer korleis personalet arbeider for å oppfylle krava i barnehagelova og rammeplanen. Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planleggje, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 39).
Evaluering (vurdering)
I følgje rammeplanen skal barnehagen regelmessig vurdere det pedagogiske arbeidet. Det betyr at det pedagogiske arbeidet skal beskrivast, analyserast og tolkast ut frå barnehageplanane, barnehagelova og rammeplanen. Vurderingsarbeidet skal byggje på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i. Og bidra til ein open diskusjon om formålet med, innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. «På denne måten kan personalet lære av eigen praksis og bidra til å utvikle barnehagen som pedagogisk verksemd» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 38-39).
Det betyr at alle gjennomførte aktivitetar i utviklingsarbeidet skal evaluerast, for eksempel ved hjelp av GLL-metoden. Aktivitetar skal vere dokumentert (kva vart gjort) og dokumentasjonen bli brukt til kritisk refleksjon over kva som er lært og kva som er lurt å gjere neste gong ein tilsvarande aktivitet skal gjennomførast.
Med kritisk refleksjon forstår vi refleksjon som rettar fokus mot styrande faktorarar som verdiar, normer og haldningar. F.eks. barnesyn, syn på omsorg, leik, læring og danning.
Personalet skal få høve til å medverke i evalueringa, viss det blir for vanskeleg kan praksislærar gå i rolle som "personale". Evalueringa skal dokumenterast og brukast i vidare planlegging, for eksempel med tanke på kontinuitet og progresjon.
Arbeidskravet er vurdert til godkjent når læringsutbyttebeskrivingar under godkjent:
- Studenten har vist kompetanse til å planlegge, gjennomføre, dokumentere og vurdere eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med personalet og tek avgjerder som kan føre til utvikling av kvaliteten i barnehagen. Det inkluderer å kartlegge, analysere og vurdere pedagogiske prosesser, organisatoriske rammer, lovverk og aktuelle styringsdokument.
- Studenten har støtta utvikling av indremotivasjon og meistring gjennom demokratiske leiingsprosessar og rettleiing.
- Studenten har formidla sentralt fagstoff som omgrep, teoriar og moglege løysingar på leiingsutfordringar både munnleg, skrifteleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
- Studenten har arbeidd sjølvstendig, fleksibelt og improvisatorisk.
- Studenten har vist relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse i samarbeid med barn og personale.
- Studenten har delt kritiske refleksjonar over korleis eiga rolle og åtferd kan ha påverka samarbeid med barn og personale.
Strategi som plan
Når vi ser aksjons(forsking)læring som ein målretta og systematisk måte å arbeide med endring og kollektiv læring, handlar dette også om å sjå planlegging som ein strategi for å bygge endring. Det betyr at du som leiar må klarlegge kva som er rammene for utviklingsarbeidet, kva som er føremål (ønsket, visjonen) med endringa er og skrive det inn i planar (Bøe & Thoresen, 2017, s. 27-28).
Medverknad: Alle med
Når aksjonsforsking i tillegg bygg på «… deltakande og demokratisk tilnærming med mål om få en større innsikt i det sosiale liv» (Lewin, her frå Bøe & Thoresen, 2017, s. 54), betyr det at du som leiar må legge til rette for medverknad med barn, føresette og foreldre. I denne omgang, dvs. i LSU, kan du forenkle dette til medverknad med personalet - slik at personalet opplever eigarskap til og oppslutning om arbeidet dei skal gjere. I eit slikt perspektiv er planlegging ein viktig del av opptiningsfasen av eit utviklingsarbeid (Levin i Larsen & Slåtten, 2014, s. 204).
Ein improvisatorisk plan
Du har kanskje erfart at ein plan ikkje er ein garanti for at planen fungerer som du tenkte han skulle? Slik skal det vere når du planlegg innan aksjonsforsking. Det er fordi aksjonsforsking ser planlegging, handling og refleksjon som ein kontinuerleg prosess der eigen praksis undersøkjast gjennom kritisk refleksjon.
Det vil seie at du undersøkjer korleis dine verdiar gir retning til handlingar som kan takast vare på eller fornyast. Det kan opne for nye, kanskje uventa tankar og handlingar som du ikkje kunne sjå på førehand, i tidleg planlegging. Planlegging blir dermed ein prosess som skjer samtidig som gjennomføring av planen (Bøe & Thoresen, 2017, s. 28), derfor kallar eg det improvisatorisk planlegging (Jansen, 2013, s. 83) og/eller ei skisse til plan. Det betyr at planen skal vere eit “levande dokument”, dvs. at han skal gi rom for fleksibilitet og improvisasjon som følge av refleksjonar over etablert praksis og forsøk på ny praksis.
Litteratur
Bøe, M., & Thoresen, M. (2017). Å skape og studere endring: Aksjonsforskning i barnehagen (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget.
Jansen, K. E. (2013). På sporet av medvirkning og læring: de yngste barna og spenningsfeltet mellom det planlagte og det spontane. Bergen: Fagbokforlaget
Larsen, A. K., & Slåtten, M. V. (2014). Nye tider - nye barnehageorganisasjoner. Bergen: Fagbokforlaget.
Ein mogleg plan
Tema
Forskningsspørsmål
Korleis kan vi legge tilrette for ein fleksibel lunsjpraksis?
Situasjon no
Vi har saman (personale og student) gjennomført ein situasjonsanalyse av lunsjmåltidet – vi brukte to avdelingsmøte før praksisperioden til studenten starta. Vi har brukt praksisfortelling for å kartlegging og dekonstruksjon for kritisk refleksjon.
Praksisfortellinga viste at rammer og innhald rundt måltidet er bestemt av personalet. Det er begrunna med behov for samarbeid med andre avdelingar, for effektivitet og ikkje minst for å vere trygg på at barna får mat før dei skal sove eller gå ut. Rammene er faste: fast tid for måltid, faste sitteplassar og mat som er ferdig laga av personalet. Dialogen er prega av beskjedar frå oss til barna (husk å ete opp maten din), kommentarar (no var du flink til å ete) eller som svar på barns spørsmål. Mesteparten av dialogen er mellom personalet og handlar om praktisk planlegging av dagen vidare.
Dekonstruksjon av fortellinga vise oss fråver av omgrep som fleksibel, smøre sjølv, seinare (ta det med ro), forskjellige, snakke sammen m.m. Vi brukte desse til å stille oss sjølv spørsmål som: Kva kan skje viss barn vil ete før 1130? eller etter kl 1200? Kva kan skje viss barn sovnar før dei et? Kva kan skje viss barn ikkje vil ete? Kva kan skje om barna sjølv vel kvar dei vil sitte? … Utifrå dialog rundt spørsmåla, vart vi samde om å prøve å justere eigen praksis, å gjere rammene mindre faste – med ønsket om å gi rom for barna sin stemme, for deira medverknad?
Ønskesituasjon
Hovudmål, felles visjon:
Vi har ein fleksibel lunsjpraksis.
Glansbildebeskriving av visjonen:
«Barna får ete når dei gir uttrykk for at dei er svoltne. Alle treng ikkje starte samtidig, dei må få avslutte aktivitetar på eigne vilkår. Då fell også noko av behovet for faste plassar bort. Barna deltar (etter evne) i å smøre eigen mat – vi dekker bordet med eit variert utvalg av brød, pålegg og drikke. Vi støttar barna i deira val av mat. Vi samtaler mykje med barna, samtalen er prega av å vere lyttande og støttande. Trøtte barn får legge seg når dei viser behov for det, dei får mat når dei vaknar.»
Delmål som vi vil arbeide med i praksisperioden:
1. Vi har kunnskap om barns behov for mat (tidsfaktoren)
2. Vi har ein fleksibel praksis iht klokka, innan ei tidsramme 1030-1200
3. Vi ser barn som kompetente (i tillegg til sårbare) også iht. kjensla av svolt.
Personlege mål:
...
Andre aktuelle delmål - viss det blir tid:
Vi har kunnskap om korleis barn skal få påverke val av sitteplass rundt matbordet. Barna påverkar val av plass rundt matbordet. Vi har kunnskap om korleis vi kan legge til rette for at barn kan smøre eigen mat. Barna deltar (etter evne) i å smøre eigen mat. Vi har kunnskap om kva som kjenneteiknar den gode samtalen med barn. Vi samtaler mykje med barna, samtalen er prega av å vere lyttande og støttande.
Tiltak (aksjonar)
Aksjon 1: Avdelingsmøte (dialogseminar)
Rammefaktorar: Seinast 1ste veka i praksis, 1 time totalt.
Mål: Vi har kunnskap om barns behov for mat.
I denne aksjonen skal vi starte arbeidet med å bygge felles kunnskap og finne kjenneteikn på god pedagogisk praksis i samband med måltid. Aksjonens sitt mål: Lage plakat som viser våre funn iht. barns behov for mat og evnt. behov for meir fleksibilitet i høve klokka.
- Plan for gjennomføring av møtet: Eg (student) og praksislærar ønskjer å bruke assistentars planleggingstid til individuelt arbeid med sentrale retningslinjer for måltid før avdelingsmøtet. Oppgåver må lagast – men først når det eg har fått rettleiing på planen frå praksislærar. På avdelingsmøtet planlegg vi eit gruppearbeid på 45 minutt knytt til spørsmålet: «Kva bør/kan vi gjere slik at det blir maks 3t mellom frukost og lunsj for barna? – og korleis kan våre forslag forståast som medverknad?» Vi tenkjer å bruke gule lappar og flipover som metode og saman sjå dette som forslag til aksjonar for utprøving.
- Plan for observasjon/dokumentasjon av møtet: Dette blir flipoveren frå punktet over.
- Plan for refleksjon i dialogseminar: Sidan heile møtet handlar om refleksjon, er det ikkje naudsynt med ein spesiell plan for dette. Men – eg må førebu meg på korleis eg kan sikre at refleksjonane blir kritiske og legg grunn for dobbeltkretslæring.
Vurdering / GLL: Dei siste 15 minutta er planlagt til å lage ein felles GLL – som grunnlag for utprøving av endra lunsjtid (og seinare avdelingsmøte).
Aksjon 2: Fleksibel lunsj på fredagar
Mål med aksjonen: Vi har ein fleksibel praksis iht. klokka, innan tidsramma kl 1030-1200
- Plan for gjennomføring: Vi prøver fleksibel lunsj fredag(ar) innan tidsramma kl. 1030-1200. Praktisk organisering må planleggast (vi gjer det mest mogleg likt organisering av frukost). Foreldre, andre avdelingar og barna må informerast innan kl. xx.xx.xx. Dagsrytmen før og etter lunsj må vurderast justert.
- Plan for observasjon/dokumentasjon: Praksisforteljing (student, det eksterne blikket)
- Plan for refleksjon i dialogseminar: Felles refleksjonstid er ikkje mogleg, student samtalar 1-1 med assistentar og tar med deira synspunkt til dialogseminar med praksislærar dagen etter aksjonen.
Vurdering / GLL: Lagast av praksislærar og student i dialogseminaret - med vekt på kva som er lurt å gjere neste fredag (då aksjonen skal gjerast ein gong til).
Aksjon 3: Fleksibel lunsj fleire dagar?
..
Vurdering
Vi bruker GLL-metoden i vurdering, både individuelt og i gruppe. Så langt råd etter kvar aksjon og som ei sluttvurdering av utviklingsarbeidet.
Arbeidskrav: Leiardagar
Studenten skal planlegge, gjennomføre og evaluere minimum 2 leiardagar.
- Studenten skal finne eit mål for eiga leiarrolle før leiardagane og skrive ei kort evaluering av leiardagane i etterkant. Bruk gjerne GLL-metoden som du kan lese om i Nakling og Vavik, 2010: GLL.pdf Download GLL.pdf
- Før leiardagane skal studenten lage ei oversikt over dagen med bakgrunn i barnehagen si dagsrytme, vaktplan og vekeplan. Denne oversikta blir delt med praksislærar og presentert munnleg for dei tilsette på avdelinga før gjennomføring. Studenten skal avklare roller, forventingar og oppgåver med personalet på avdelinga.
- Utviklingsarbeidet skal vere inkludert i leiardagane.
- Leiardagane skal gjennomførast med grunnbemanning så langt det er mogeleg. Praksislærar organiserer og administrerer personalet som ikkje deltek i arbeidet med barnegruppa. Dersom det er aktivitetar knytt til utviklingsarbeidet som skal gjennomførast, skal sjølvsagt personalet delta.
Arbeidskravet blir vurdert til godkjent når:
- Område i leiarrolla for sjølvutvikling var valt og mål var formulert og delt med praksislærar.
- Innhaldet i leiardagen var tilpassa barnehagens planar. Studenten hadde god oversikt over barnehagens struktur.
- Studenten viste progresjon i arbeidet med leiardagane.
- Studenten brukte didaktisk og teoretisk kompetanse i formelle og uformelle læringssituasjonar.
- Plan for leiardagane blei delt med praksislærar etter avtale.
- Planen blei presentert munnleg for medarbeidarane. Roller, forventingar og oppgåver vart avklart.
- Endringar var fagleg begrunna.
- Studenten hadde oversikt over barnegruppa og skapte gode relasjonar og viste omsorg.
- Studenten hadde oversikt over strukturen og arbeidsoppgåvene. Påpeikte manglar på ein god måte.
- Løyste situasjonane som oppstod i samarbeid med personalet.
- Studenten var ein god rollemodell både for barn og personale.
- Studenten tok rettleiing.
- studenten har skrive eigenvurdering i MOSO med faglege refleksjonar.
Omgrepsavklaringar
Utviklingsarbeid
SØT-modellen
Kritisk refleksjon
Improvisatorisk
GLL-modellen
Autopoiese, mentale modellar, mentalisering
Dekonstruksjon som metode
Glansbildebeskriving, SMART-mål
Aktivitet
Aksjon
Dialogseminar
Om leiardagar
Progresjon leiardagar
Referanser
Bøe, M. & Thoresen, M. (2017). Å skape og studere endring. Aksjonsforskning i barnehagen. Universitetsforlaget
Gunnestad, A. (2019). Didaktikk for barnehagelærer: en innføring (2. utg.). Universitetsforlaget
Gotvassli, K. Aa. (2013). Boka om ledelse i barnehagen. Universitetsforlaget.
Horstrup, C., Loehr-Pedersen, J., Madsen, J. G.. Johansen, T., Specht, T. (2023). Systemisk ledelse. Dialog og relasjoner i organisasjoner. Gyldendal
Jansen, E. (2013). På sporet av medvirkning og læring. Fagbokforlaget.
Kunnskapsdepartementet (2017). Rammeplan for barnehagen: Innhald og oppgåaver. Utdanningsdirektoratet
Kversøy, K.S. & Hartvigsen, M. (2018). Samarbeid og konflikt: 2 sider av samme sak (2. utg). Fagbokforlaget
Muren, H. (2020). Tema-, prosjekt- og utviklingsarbeid: Ei omgrepsavklaring for ... Høgskulen i Volda
Nakling, N & Vavik, M. (2010). Leder eller pedagog: Ja takk, begge deler. Gan Aschehoug.
Nissen, K. (2015). Dialogseminar. I Kjersti Nissen, Kari Kvistad, Ingar Pareliussen & Sølvi Hessen Schei; Barnehagens hverdagsliv. Fagbokforlaget
Rasmussen, H.; Hagelquist, J.Ø. (2016). Mentalisering i organisatioen. Hans Reitzel.