NN: Fagmøte i prosjektpraksis

3BLUBV-D Fagmøte i prosjektpraksis

Fagmøte i praksis

Er eit forum for å drøfte faglege spørsmål omkring  prosjektarbeidet. Når det er fleire deltakarar kan studenten få tilbakemeldingar med nye perspektiv inn i prosjektet sitt. Vi samlar grupper av studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar til møte i Zoom. 

Studenten får tilbakemelding og rettleiing på prosjektet. Det er viktig at alle har gjort seg kjent med rettleiingsgrunnlaga frå alle studentane.  Det er også mogleg å drøfte generelle faglege spørsmål dersom dei dukkar opp.

Rammer

Fagmøte med ein student har ei ramme på to timar, to studentar tre timar, og fire-seks studentar fem timar. For praksislærar er fagmøte i praksis rekna inn i talet på frikjøpte timar, men er ikkje ein del av rettleiingstida.

Oppfølgingslærar tek kontakt på e-post med praksislærar og avtalar tidspunkt for fagmøte. Når det er fleire barnehagar saman vi oppfølgingslærar sende utmogelege datoar slik at ein kan bli samde om eit tidspunkt.

Minst to arbeidsdagar før fagmøte deler studenten rettleiingsgrunnlag i MOSO med oppfølgingslærar, praksislærar og medstudentar. Det skal gå fram av rettleiingsgrunnlaget kva studenten ønskjer rettleiing i og plan for kva som skal drøftast i møte. Del også endeleg problemstilling og prosjektplan. Rettleiingsgrunnlaget er avgjerande for rettleiinga, og dersom studenten ikkje deler dette i tide, kan rettleiinga til studenten gå ut.

Praktisk gjennomføring.

Felles del:

  • Oppfølgingslærar leier møte
  • Ein og ein student får tilbakemelding og rettleiing på prosjektet med utgangspunkt i rettleiingsgrunnlag. Fordel tida slik at alle prosjekt vert drøfta.
  • Viktige punkt å ta omsyn til:
    • studenten sine observasjonar for prosjektet
    • studenten sine planar for gjennomføring av prosjektet
    • utfordringar som studenten står over for
    • teoritilknytinga av prosjektet
    • medverknad frå barn og tilsette
    • andre aktuelle spørsmål

Individuell del:

  • Individuell samtale mellom student og oppfølgingslærar, om korleis studenten har det i praksis.
  • Samtale mellom praksislærar og oppfølgingslærar. Samtalen skal mellom anna handle om vurderingsarbeidet av studenten og om studenten er skikka for yrket.
  • Dersom det kjem opp saker i dei individuelle samtalane som begge partar bør kjenne til vert møtet avslutta saman med dei involverte.

    Oppfølgingslærar

    image.png


Progresjon