Praksisinformasjon - BLU
Dette er ei heimeside i læringsplassforma Canvas for praksis i barnehagelærarutdaninnga ved Høgskulen i Volda
Her kan alle som er involvert i praksis finne generell informasjon om praksis, og informasjon om praksis for kvart årssteg. Er du til dømes praksislærar for studentar i 1. årssteg går du inn via lenka øvst på sida, 1 BLUBV, 1 år heiltid. Der vil du finne utfyllande informasjon om praksis for dette årssteget.
Vi syner også til studieprogramplan og emneplanar for kvart årssteg for meir informasjon om praksis.
Praksis i barnehagelærarutdanninga
Eit mål for praksisopplæringa i barnehagelærarutdanninga er at studentane skal utvikle den profesjonelle identiteten sin, og at dei gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, prosjekt og utviklingsarbeid får utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar.
Praksisopplæringa skal vere rettleidd, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområda og fordjupingsemna. Alle delar av utdanninga skal førebu studenten på barnehagelæraren sine oppgåver, og det vert lagt stor vekt på eit nært samarbeid mellom praksisbarnehagane, studentane og oppfølgingslærarane ved høgskulen.
Høgskulen og eigarar av barnehagane inngår avtale om gjennomføring av praksisopplæringa. Praksisbarnehagen har ansvar for å legge til rette for praksisopplæringa, med støtte frå fagmiljøa og leiinga for barnehagelærarutdanninga. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvaret for praksisopplæringa og praksislærar har hovudansvar for rettleiing og vurdering av den enkelte student, i samarbeid med studenten sin oppfølgingslærar i praksis og styrar. Alle kunnskapsområda er ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis.
Erfaringane som studenten får i praksis skal kunne nyttast som ein ressurs i undervisning. Studentane sine erfaringar og problemstillingar frå praksis bør integrerast i teoretiske og faglege perspektiv i kunnskapsområda. Dette skal medverke til å gi studentane erfarings- og forskingsbasert grunnlag for yrkesutøvinga.
Kontakt
Hanne Elin Harnes
Rådgjevar og praksiskoordinator
700 75 439
Synnøve Riste bygget, SR211
Course Summary:
| Date | Details | Due |
|---|---|---|