Praksisinformasjon - BLU

 Høgskulen i Volda

Barnehagelærarutdanning

PRAKSIS 

Dette er ei heimeside i læringsplassforma Canvas for praksis i barnehagelærarutdaninnga ved Høgskulen i Volda

Her kan alle som er involvert i praksis finne generell informasjon om praksis, og informasjon om praksis for kvart årssteg. Er du til dømes praksislærar for studentar i 1. årssteg går du inn via lenka øvst på sida, 1 BLUBV, 1 år heiltid. Der vil du finne utfyllande informasjon om praksis for dette årssteget. 

Vi syner også til studieprogramplan og emneplanar for kvart årssteg for meir informasjon om praksis. 

Praksis i barnehagelærarutdanninga

Eit mål for praksisopplæringa i barnehagelærarutdanninga er at studentane skal utvikle den profesjonelle identiteten sin, og at dei gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, prosjekt og utviklingsarbeid får utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. 

Praksisopplæringa skal vere rettleidd, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområda og fordjupingsemna. Alle delar av utdanninga skal førebu studenten på barnehagelæraren sine oppgåver, og det vert lagt stor vekt på eit nært samarbeid mellom praksisbarnehagane, studentane og oppfølgingslærarane ved høgskulen. 

Høgskulen og eigarar av barnehagane inngår avtale om gjennomføring av praksisopplæringa. Praksisbarnehagen har ansvar for å legge til rette for praksisopplæringa, med støtte frå fagmiljøa og leiinga for barnehagelærarutdanninga. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvaret for praksisopplæringa og praksislærar har hovudansvar for rettleiing og vurdering av den enkelte student, i samarbeid med studenten sin oppfølgingslærar i praksis og styrar. Alle kunnskapsområda er ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis.

Erfaringane som studenten får i praksis skal kunne nyttast som ein ressurs i undervisning. Studentane sine erfaringar og problemstillingar frå praksis bør integrerast i teoretiske og faglege perspektiv i  kunnskapsområda. Dette skal medverke til å gi studentane erfarings- og forskingsbasert grunnlag for yrkesutøvinga. 

Kontakt

Hanne Elin Harnes

Hanne Elin Harnes

Rådgjevar og praksiskoordinator

harnesh@hivolda.no

700 75 439

Synnøve Riste bygget, SR211

 

Elisabeth Welle

Elisabeth Welle

Studieleiar

elisabeth.welle@hivolda.no

700 74 450

Synnøve Riste, SR320

 

 

HiVolda_barnehage2024_WEB-1525.jpg

 

 

Course Summary:

Course Summary
Date Details Due