Generelt om praksis
Praksis i barnehagelærarutdanninga
Eit mål for praksisopplæringa i barnehagelærarutdanninga er at studentane skal utvikle den profesjonelle identiteten sin, og at dei gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, prosjekt og utviklingsarbeid får utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Det er eit krav at studentane set seg nøye inn i desse dokumenta. Praksisopplæringa skal vere rettleidd, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområda. Alle delar av utdanninga skal førebu studenten på barnehagelæraren sine oppgåver, og det vert lagt stor vekt på eit nært samarbeid mellom praksisbarnehagane, studentane og oppfølgingslærarane ved høgskulen.
Praksisførebuing
Før praksis tek til får studentane praksisførebuing både i kunnskapsområda og av studieleiar og praksiskoordinator. Faglærar i kunnskapsområda går gjennom arbeidskrav som skal gjennomførast i praksis, og viser studentane samanhengen mellom arbeidskrav i praksis til arbeidskrav etter praksis. Praksiskoordinator og studieleiar går gjennom innhaldet i praksis generelt.
Før praksis samlar vi også studentar, praksislærarar, faglærarar og administrasjonen i barnehagelærerutdanninga til praksisførebuande møte. Praksisførebuande møte for deltidsutdanninga blir holdt på Zoom. I første del av møte gjeng vi gjennom praksis og dei ulike kunnskapsområda presenterer eit eller fleire faglige tema. I andre del av møte samlar studentane seg i praksisgrupper i fagmøte før praksis, saman med praksislærar og starter planlegginga av praksis:
- Studentane og praksislærar utvekslar informasjon, planar med meir.
- Praksislærar og studentane orienterer seg spesielt om oppgåver og arbeidskrav i praksis, og startar arbeidet med å planleggje innhaldet i praksis.
- Kva er mulig å arbeide med, med omsyn til interesser i barnegruppa, og kva innhold har barnehagen planlagt for denne perioden?
- Kva rammer, forutsetningar med meir spelar inn?
- Deling av refleksjonar rundt forventninger til praksis.
- Diskusjon rundt arbeidskrav i praksis, emneplan praksis og emneplanane i kunnskapsområda.
- Oppfølgingslærar og administrasjonen for barnehagelærerutdanningen er tilgjengelig for spørsmål og avklaringer.
Forventningssamtale
Ein forventingssamtale er ein samtale der praksislærar og student avklarar gjendige forventingar til kvarandre og den praksisperiodne dei skal inn i. Dei deler tankar om kva forventingar og krav ein vil stille til kvarandre. Denne samtalen skal student og praksislærar ha ein av dei første dagane i praksis, som ein del av rettleiingstida. Studentane skal gjere praksislærar kjent med oppsummering/konklusjon i vurderinga frå praksis året før i løpet av samtalen. Ein slik samtale kan vere med på å leggje eit godt grunnlag for gjennomføring av praksis. Både student og praksislærar skriv referat frå samtalen. I samtalen skal ein ta opp følgjande punkt:
- Praksislærar sine forventingar til studentane og praksisperioden.
- Studentane sine forventingar til praksislærar og praksisperioden.
- Korleis skape ein trygg og open atmosfære mellom student og praksislærar?
- Kor stor fridom skal studenten få med tanke på utøving av praksis?
- Studenten sine tankar om kva han skal arbeide med for å utvikle eigen kompetanse i praksisperioden (her kan ein ta utgangspunkt i tilbakemeldingar, slik dei kjem til uttrykk i eventuelle tidlegare praksisvurderingar).
- Avtale om tidsfristar for når praksislærar forventar å få studenten sitt rettleiingsgrunnlag og anna skriftleg arbeid.
- Ved sjukdom, avtal til kven og korleis dette skal meldast.
- Avtalar om rettleiing.
Fagmøte i praksis
Målsetjinga med fagmøte er å styrke samarbeidet kring rettleiing og vurdering av studenten, og å drøfte faglege spørsmål som gjeld studenten. Studenten skal på førehand skrive og levere rettleiingsgrunnlag som er utgangspunkt for drøftingane. Dette er eit drøftingsmøte der ein tek opp forholdet mellom teori og praksis og studenten sin utvikling av praksisteori og profesjonelle identitet. Rettleiinga har ei samtaleform og ber preg av refleksjon over eigne og andre sine handlingar i praksis. Fagmøte skal vere ei fagleg kompetanseheving for alle partar som deltek på møte. Deltakarane på fagmøte i praksis er studentar, praksislærarar og oppfølgingslærarar i ein eller fleire praksisbarnehagar. Ein del av fagmøte er individuelle samtalar mellom student og oppfølgingslærar, og mellom praksislærar og oppfølgingslærar. Det er fagmøte i praksis ein gang kvart studieår. Kvart kunnskapsområde vel kven av faglærarane som skal vere oppfølgingslærar.
Oppsummering og evaluering
Kvart kunnskapsområde organiserer ei fagleg oppsummering etter praksis, der studentane deler erfaringar frå arbeidskrav og praksis generelt med kvarandre.
Praksiskoordinator og studieleiar innhentar også informasjon om korleis studentane og praksislærarane har opplevd praksisperioden generelt via evalueringsskjema.
Andre tilhøve som vedkjem praksis
Høgskulen og eigarar av barnehagane inngår avtale om gjennomføring av praksisopplæringa. Praksisbarnehagen har ansvar for å legge til rette for praksisopplæringa, med støtte frå fagmiljøa og leiinga for barnehagelærarutdanninga. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvaret for praksisopplæringa og praksislærar har hovudansvar for rettleiing og vurdering av den enkelte student, i samarbeid med studenten sin oppfølgingslærar i praksis og styrar. Alle kunnskapsområda er ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis. Erfaringane som studenten får i praksis skal kunne nyttast som ein ressurs i undervisning. Studentane sine erfaringar og problemstillingar frå praksis bør integrerast i teoretiske og faglege perspektiv i kunnskapsområda. Dette skal medverke til å gi studentane erfarings- og forskingsbasert grunnlag for yrkesutøvinga.
Obligatorisk
Praksis er ein obligatorisk del i alle åra i barnehagelærarutdanninga. Det er obligatorisk frammøte til all praksis, praksisførebuing og etterarbeid. Dette gjeld også møta med praksislærar i samband med praksisperiodane og til teoriundervisning, planlegging og etterarbeid knytt til arbeidskrav i praksis. Om ein student har fråvær i praksis, må studenten ta att dagane. Dette skjer etter avtale med praksislærar og praksiskoordinator.
Vilkår
Vilkår for å gå ut i praksis:
-
Levert politiattest
-
Levert teiepliktskjema
-
Godkjent frammøte til praksisførebuing
-
Godkjente krav frå sist praksis
Dersom studenten får praksiskarakteren ikkje stått vert det gitt rettleiing til studenten av praksiskoordinator med vurdering av praksis som grunnlag.
Ein student som får ikkje stått i praksis får høve til å gjennomføre eitt nytt praksisforsøk. Studenten får i ny praksisperiode rettleiing av ein ny praksislærar på det området studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten skal forbetre.
Ein student som har karakteren ikkje stått på andre praksisforsøk, får ikkje flytte opp i neste studieår og må avbryte studiet.